Meny
 

Medlemsvilkår

Takk for at du er medlem av AMFI Førde sin kundeklubb.

 

AMFI Førdes kundeklubb er ei elektronisk teneste. Medlemskommunikasjonen er gratis og går primært føre seg via sms og e-post.

 

AMFI Førdes kundeklubb nyttar auto-oppslag for å gjere registreringa enklare for deg. Personopplysningar som blir henta ut automatisk er namn, adresse, kjønn og fødselsdato. Du er sjølv ansvarleg for å rette opp eventuelle feil som er lagra på ditt mobilnummer. I tillegg kan du som medlem registrere interesser, kor mange barn du har og alderen deira.

 

Personopplysningane dine og den innsamla informasjonen blir nytta av AMFI Førde sin kundeklubb til å sende deg kampanjetilbod via e-post og/eller mobil, avhengig av kva du har takka ja til. Opplysningane om deg blir registrerte og nytta for å gi deg fullgod medlemsservice, det vil seie at vi kan tilpasse medlemskapet til deg og preferansane dine. Mellom anna kan vi tilpasse medlemstilbod, medlemsinformasjon, nettsider, appar, digital kommunikasjon og andre tenester og fordelar medlemmane våre får.

 

Der data også går innom tredjepart, til dømes ved gjennomføring av spel/konkurransar, blir medlemsopplysningane ikkje lagra hos tredjepart. Tredjepart har heller ikkje rett til innsyn i eller høve til å nytte slike opplysningar.

 

Vi lagrar personopplysningane dine så lenge du har eit kunde- eller medlemsforhold til AMFI Førdes kundeklubb eller så lenge som  lova tillet. Ved utmelding vil vi automatisk slette alle personopplysningar om deg. Utmelding kan skje via nettsidene våre, app eller ved å sende sms med STOPP FORDE til 2070. Avmelding i nyheitsbrev gjeld kun kommunikasjon via e-post.