Meny
 

Gjenbruksmarknad

Gjenbruksmarknad

Laurdag 24. februar inviterer me barn mellom 10–16 år til å laga sin eigen gjenbruksbutikk på AMFI Voss.


Vil du, gjerne saman med ein venn, laga din eigen butikk for ein dag? Det kan vera sal av brukte ting, klede, leikar, sportsutstyr, spel eller andre ting du ikkje har bruk for lenger*. Ver oppfinsam!

*Servering av ulike typar sjølvvprodusert mat kan me diverre ikkje tillata.

De må sjølv setja pris på varene, gjerne i 
samråd med vaksne. Pengane kan de behalda
 sjølv eller gje til eit godt formål.

Marknaden er open frå kl. 12–16. Kvar butikk 
kan ha maks tre «tilsette». AMFI Voss stiller med bord og straum. Treng de anna utstyr må de ta dette med sjølv.

 

Premie for beste: • Gjenbruk • Butikkuniform • Logo • Service

ViKTIG INFO
• Du må vera mellom 10–16 år
• Kvar butikk blir på omlag 2 m2
• Det du skal selja må vera heilt og reint
• Føresette er ansvarlege for sine barn

SØKNAD
For å vera med må du senda inn ein søknad:
• Beskriv kort kva du vil selja
• Butikknamn
• Namnet og alder på dei som skal delta
• Kontaktinfo til dine føresette
    
Søknadsfrist: 16. februar
Søknad på e-post: Anne.Opheim@olavthon.no