Dette skal bli bra!

Vi må seie oss leie for at det blir litt bråk og rot på senteret framover - men vi gjer det for at senteret skal bli betre. Langt betre!

Det er ikkje til å kome frå at det blir litt støv og bråk på senteret i byggjeperioden som vi no er inne i. Men om trivselen kanskje kan søkke eitt hakk no, kan vi love at trivselsbarometeret vil gjere store positive utslag når ombygginga blir ferdig i november.

Da vil "nye" Sogningen Storsenter bli fylt opp av fleire nye butikkar - som til dømes H&M og Rema 1000.

Så om det diverre blir ein periode som blir noko prega av byggjearbeid no, vil endringane vere vel verdt å vente på ...